Publisert:

Grevlestølen #2

Reguleringsplanen vart vedteken av Voss heradsstyre 16.03.2023.

Planen er utarbeidd av Ard arealplan as i samarbeid med HLM arkitektur. Forslagsstiller er Voss Resort Prosjektutvikling as.

Planområdet ligg ved eksisterande hytteområde i Bavallen, like nord for Voss sentrum. Føremålet med reguleringsplanen er å etablere rundt 200 fritidsbustader i området Grevlestølen, i tråd med gjeldande kommunedelplan for Bavallen. Fritidsbustadane vil i hovedsak etablerast i form av leilegheiter i forskjellige leilegheitsbygg. Eit av felta opnar for fritidsbusetnad i form av leilighetsbygg eller frittliggjande hytter.

Planen legg og til rette for tunhus, renovasjonsanlegg, friluftsområde/grøntområde, tilkomst til planområdet frå Tråstølsvegen, parkeringsplassar, og ny skiløype.

Tilsvarande

Midtunhaugen bustadar #4

Reguleringsplanen for Midtunhaugen bustadar vart vedteke av bystyret i Bergen 27.04.2022.


Publisert